Du kan bla til neste sideBla med piltastene

– Eg kan ikkje anna enn å kjempa for rettferd, same kva det kostar, seier Delano Greenidge som no turnerer Kino-Noreg.

Han vart fengsla utan prov

SAMAN I OSLO: Delano Greenidge og Lene Berg kan endeleg pusta ut i Oslo etter åtte år i det amerikanske rettssystemets mørke labyrintar. No turnerer dei i Noreg med filmen «False Belief». Tom Henning Bratlie

Delano Greenidges historie kjem innanfrå fengselsindustrien. – Prosessen eg har vore gjennom, har gjort meg politisk, seier han.

Åtte månader etter at Klassekampen skreiv om «False Belief», filmen som fortel om Delano Greenidges absurde og skremmande røynsler med ein rasistisk rettspraksis i USA, er hovudpersonen sjølv i Oslo saman med regissør og sambuar Lene Berg.