Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fagforeining fann brot på bemanningsparagrafane på åtte av ti byggeplassar i bergensområdet:

Meiner lova ikkje fungerer

BRYT LOVA: Unionen Fagforening her ved leiar Jorge Dahl har dokumentert at Norges Handelshøyskole i Bergen er ein av 30 byggplassar i Bergensområdet der innleigar av arbeidskraft ikkje har tariffavtale, slik lova krev. Gunnar Wiederstrøm

LOVBROT: Både offentlege og private byggherrar bryt arbeidsmiljølova om bemanning. Det er frykt for at det snart ikkje er nordmenn att i bransjen.

Frå 1. januar stilte arbeidsmiljølova krav om at innleige frå bemanningsbransjen berre kan skje når verksemda har tariffavtale og skriftleg avtale om innleige med tillitsvalt. Kontrollen Unionen Fagforening gjennomførte i bergensområdet syner at bransjen ikkje følgjer lova.