Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SV inspirert av cruisekontroll frå USATar til orde for konsesjonssystem

SV krev cruise-kontroll

TAR GREP: SV vil foreslå nye reglar for cruisetrafikken. I går besøkte SV-leiaren det populære cruisemålet Eidfjord og fyrstekandidat Anett Viveli og andre lokale SV-arar.

FOR MANGE: 90 cruiseskip legg til kai i Hardanger-bygda Eidfjord i år. No vil SV ha resten av Stortinget med på å innføra ei konsesjonsordning for å kontrollera cruisetrafikken.

Skodda heng ned over dei høge fjella. Det regnar i Eidfjord. Det gir i alle fall to fordelar, poengterer Bjørn Kåre Engseth, leiar for det nystarta laget til SV i kommunen. Lufta blir betre, og det går ikkje så mange turistar i land som når sola skin.