Hadde verda vore ein fredelegare stad dersom her var fleire kvinnelege statsleiarar? spør master i evolusjonspsykologi Kyrre Wathne i førre nummer av Morgenbladet. Han meiner ja, og har nok rett i det, for sjølv om heller ikkje kvinnene er feilfrie, heng dei i alle fall ikkje fast i den destruktive irrasjonaliteten som kjenneteiknar mannleg vanstyre. Men når Wathne kallar konfliktane i verda for eit kraftfelt av giftig maskulinitet, trengst det ei avklaring.
Infantile politikarar har eit fortrinn framfor dei ansvarlege rasjonelle.