Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Øya Reksteren skjuler sjeldne naturskattar, men ein planlagd motorveg vil øydelegge naturparadiset:

Fryktar rasering av regnskog

HAN SOM LEITER: Jan Rivenæs jaktar på raudlista lav-artar på tre i den vestnorske regnskogen på øya Reksteren i Sunnhordland. Målet er å få Statens vegvesen til å snu, slik at det ikkje blir firefelts motorveg gjennom skogen. Gunnar Wiederstrøm

LAVJAKTA: Fylkesmannen kallar motorvegen det største naturinngrepet i Hordaland. Jan Rivenæs finn raudlista artar i håp om å endre vegprosjektet.

Det regnar og har gjort det dei siste dagane. Mykje regn. Jorda er vassmetta, det surklar rundt sjøstøvlane. Tjukke lag med mose dekker større parti med rullesteinar og gjer bakken lunefull. Plutseleg kan foten gli og du hamner i eit hol. Det du trudde var ein stein dekt med mose, synte seg å vere ei rote grein.