Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Atomkraft: Kjernekraftproblematikken handlar ikkje berre om risiko, men òg om rettferd.

MOR JORD

GJENGRODD: Naturen tek tilbake områda rundt kraftverket i Tsjernobyl, der den øydelagde reaktoren no ligg under ein gigantisk stålkuppel. FOTO: KONUNG YAROPOLK/WIKIMEDIA

Den siste månaden har tv-serien «Chernobyl» fått mykje merksemd og vekt medvit om kjernekraft på ny. Serien følgjer det teknologiske, politiske og etter kvart juridiske dramaet som spelte seg ut rundt Tsjernobyl i 1986, og gir eit inntrengande og ganske truverdig bilete av staden og tida rundt katastrofen. Fiksjonsserien har blitt kritikarrosa, men også fått refs for faktafeil, for å fiksjonalisere for mykje og overdrive, og for å forteikne måten makt og frykt fungerte på i Sovjetsamveldet. I det amerikanske business-magasinet Forbes (6. juni) har ein kjernekraftentusiast sett serien. Han er skuffa over at den ikkje viser kor ufarleg kjernekraft er, og at den ikkje forklarar «det paradoksale forholdet mellom tryggleik og fare» i «den sanne historia om kjernekraft» for tilskodaren.