Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kollektivet: For Kjartan Fløgstad er fotball ein arena for samhald, samspel, samfunn.

DET STORE SPELET

HØGT MÅL: Fotball kan gi oss innsikt i samfunnet, meiner Kjartan Fløgstad, som no feirar 75 år. FOTO: TOM HENNING BRATLIE

Ein laurdag i april 1995 sat eg på stovegolvet framfor fjernsynet og såg Blackburn Rovers spele mot Everton. Bror min hadde ei blå og kvit Blackburn-trøye som var veldig fin og forlokkande, men eg hadde likevel nøla litt – var det ikkje Manchester United som var det beste laget? Men så slo Blackburn-stoppar Henning Berg ei plutseleg frigjerande pasning opp mot den lange og hengslete spissen Chris Sutton, som sette ballen i mål etter berre 13 sekund. Eg var frelst, og snart blei det klart at eg hadde funne den rette trua: Laget frå Lancashire vann den engelske ligaen, eitt poeng framfor dei større, sterkare og rikare rivalane i Manchester. Eg var seks år og forstod nok ikkje den ville gleda eg kjende. Eg forstår den nok heller ikkje i dag. Men under den raude rosa på klubblogoen stod det eit slagord som festa seg då og som har følgt meg sidan: Arte et labore. Kunst og arbeid, har eg seinare lært at det skal bety.