Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fem månader ventetid for au pair

AU PAIR-SAKA: Fredag klaga justisminister Jøran Kallmyrs tidlegare au pair på Utlendingsdirektoratet vedtak om utvising og avslag på opphald. – Den gjennomsnittlege ventetida er på fem månader, men dette varierer frå sak til sak. I utgangspunktet kan vi behandle alle slike saker så snart dei er klarlagt, skriv presserådgivar John Olav Kroken i UDI, og presiserer at saksbehandlingstida kjem an på om saka er tilstrekkeleg klarlagt eller ikkje. UDI ønsker ikkje å anslå ei bestemd saksbehandlingstid i klagesaka til justisminister Jøran Kallmyrs (Frp) au pair som fekk varsel om utvising av UDI 9. mai. ©NPK