Sjaman og sjarlatan har vorte denne månadens ord. Sjaman kjenner me mest gjennom vår samiske kultur; samisk (og finsk) språk kom jo hit frå Sibir for om lag tre tusen år sidan. Sjaman er frå tungisisk, i det altaiske språkområdet som strekkjer seg frå Mongolia i sør og nordover i Sibir. Den opphavlege meininga var todelt; det vart nytta om ein person som både kunne gjera folk friske og spå om framtida – ein slags kombinasjon av dokter og prest. Me moderne vil vel kalla personen magikar og åndemanar.
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.