Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kommunane får ikkje skrive ut pass

KLAR: Justisminister Jøran Kallmyr meiner at politet framleis bør ha ansvaret for å skrive ut pass. FOTO: TOM HENNING BRATLIE Tom Henning Bratlie Tom Henning Bratlie

NEI: Det er førebels ikkje aktuelt å overlate utskriving av pass til kommunane i rådhus eller andre servicepunkt, ifølgje justisminister Jøran Kallmyr (Frp).

– For å ta vare på behovet for tilstrekkeleg kompetanse, kvalitet og tryggleik i utskrivingsprosessen er det mellom anna avgjerande at kvart pass- og ID-kontor har eit visst saksvolum. Det er òg ein føresetnad at utskriving av pass blir utført likt over heile landet, skriv Kallmyr i eit brev til Stortinget.