Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Byggestans på Frøya

VINDKRAFT: Bygginga av vindkraftverk på Frøya blir stansa mellombels etter pålegg frå Kommunaldepartementet, som skal gå gjennom behandlinga til fylkesmannen av saka. – Dette er ei vanskeleg sak som vil ha store konsekvensar for mange. Eg tar bekymringane til kommunen og innbyggjarane på alvor. Det er heilt avgjerande at alle kan føle tryggleik for at det er ei reell prøving departementet gjer, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H). Selskapet Trønderenergi noterer i ei pressemelding at dei er overraska av vedtaket og departementet ikkje har gjort noka realitetsvurdering av saka. ©NTB