Du kan bla til neste sideBla med piltastene

13.000 tonn med laks drepen av algeSlakteri i Nordland og Troms står utan råstoff

No kjem permitteringane

KRISE: Oppdrettarar har mista 13.000 tonn med laks til ein verdi av 800 millionar kroner. Her frå anlegget Northern Lights Salmon der to millionar laks er døde, totalt 4000 tonn. FOTO: ELISABETH BALTESKARD, NTB SCANPIX Elisabeth Balteskard

OVERSKOT: Oppdrettarane som er råka av algedød gjekk med milliardoverskot i fjor. Likevel risikerer tilsette i verksemdene omfattande permitteringar.

Dei siste vekene har laksedøden råka minst ti oppdrettarar i Troms og Nordland. Fiskeridirektoratet rapporterte laurdag at kring 13.000 tonn med oppdrettslaks er tapt. I dei kommunane der laksedøden har råka hardast, fryktar dei permitteringar.