I førre hundreår fekk norske ungar tennene fylte med gråsvart amalgam. Før fluoren var det det einaste tiltaket mot tannròte som samfunnet greidde samla seg om. I staden for å dempa sukkerimporten og gå inn for meir omfattande grønsakproduksjon, tilsette staten ein bråte med bryske skuletannlegar som skremte vettet av barn som ikkje greidde ta ansvar for kosthaldet sitt sjølve.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.