Metoo-rørsla er eit feilgrep, seier den amerikanske professoren Camille Paglia. I den nye essaysamlinga si, «Provocations», skriv ho at kvinnene må slutta med å sjå på seg sjølve som offer, ein fin tanke i og for seg. Meir tvilsamt blir det når ho insisterer på at dei for all del ikkje må blanda inn styresmaktene. Truskuldige ungjenter som opplever at mektige underhaldningsindustrimogular vil ha dei til å ta dei på tissen, må gjera som Paglia ville gjort, ordna opp eigenhendig utan å venta hjelp frå samfunnet.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.