Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Formelt

  • Det er ikkje berre i kommentarfelt og på sosiale medium sinne over vindkraftutbygging kjem til uttrykk. Det er mange som i desse dagar tar til tastaturet og skriv eit høyringssvar til Olje- og energidepartementet. Det har Arnfinn, Bernt, Einar, En trett mann, Erik, Espen, Geir, Håvard, Inge, Jan Olav, Marit, May Lene, May-Ann Heim, Mette Karen, Roar, Terje, Thomas, Torbjørn og Anonym gjort. Fleire kan det bli. Fristen for høyringa av Norges vassdrags- og energidirektorat sitt forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land er sett til 1. oktober.