Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Streikande skuleelevar krev handfast klimahandling:

Er lei av babbel

PROTEST: Fleire tusen elevar streika og demonstrerte i går i Bergen for ein meir aktiv klimapolitikk. Gunnar Wiederstrøm

STREIK: Mange tusen skuleelevar i Bergen streika og demonstrerte i går for ein betre klimapolitikk. Dei krev handling, ikkje prat.

Dei første elevane samla seg på Torgallmenningen i Bergen alt klokka tolv i går. I totida var storstova fylt opp med skuleelevar til ein overtyande manifestasjon.