Du kan bla til neste sideBla med piltastene

TOG: Kan klimaendringane gjere at vi endeleg kan ta tog til Nord-Norge?

DRAUMEN DEI BER PÅ

LANGSTREKT LAND: Jernbanenettet i Norge strekk seg ikkje lengre enn til Fauske i nord. Men når norske myndigheiter no for fjerde gong undersøker moglegheitene for ein Nord-Norgebane, splittar det byane i Nordland og Troms. Banekartet over Sør-Norge er omtrentleg, medan kartet nord for Fauske syner banenettet slik det blir greidd ut no.KJELDER: JERNBANEVERKET OG NSB

NYTT HÅP: Nord-Norgebanen har fått nei tre gonger. Draumen er vekt til liv igjen når ein jernbane frå Fauske til Tromsø nok ein gong ligg på Jernbanedirektoratets bord.

Ønsker du å reise til dei nordlegaste delane av landet vårt med tog, kjem du ikkje lenger enn til Fauske før du må bytte til buss. Alternativt kan du ta toget gjennom Sverige, avslutte reisa på Ofotbanen og hoppe av på endestasjonen i Narvik. Den som vil reise vidare frå Fauske eller Narvik med tog, kan berre drøyme.