Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Høgres lokallagsleiarar i Hedmark set døra på gløtt for Kristian Tonning Riise:

Riise kan få fornya tillit

MISTA ALLE VERV: Då Høgre konkluderte med at stortingsrepresentant Kristian Tonning Riise hadde begått fleire brot på partiet sine etiske retningslinjer, mista han alle verv i partiet. Her frå Høgre si valvake i 2015. FOTO: CHRISTOPHER OLSSØN Christopher Olsson/littleimagebank

COMEBACK? Lokale Høgre-leiarar frå Hedmark opnar for å nominere Kristian Tonning Riise til Stortinget for ein ny periode.

Det kan gå mot ein ny stortingsperiode for Kristian Tonning Riise (H). Lokallagsleiarar i Hedmark som Klassekampen har snakka med, seier dei ikkje vil utelukke at Riise kan vere ein kandidat når nominasjonskomiteen i Hedmark Høgre skal ta til på arbeidet med liste til stortingsvalet i 2021.