UT AV OSLO: Staten set 25.000 arbeidsplassar i spel, og regjeringa vil sjå om det er råd å flytte statleg verksemd til mindre byar og regionsenter.
– Det er mykje på gong no, og det fører med seg uro, seier kommunalminister Monica Mæland (H).
Glad for lokale initiativ til samanslåing:
TVILAR: Direktøren for Domstoladministrasjonen Sven Marius Urke er avventande til forslag om å slå saman tingrettane i Hardanger og Sunnhordland.
– Eg synst det er positivt at domstolane tar initiativ til samanslåingsprosessar. Det er eit steg i retning for meir konsoliderte domstolar, seier Sven Marius Urke, direktør for Domstoladministrasjonen, om forslaget frå tingrettane i Hardanger og Sunnhordland om samanslåing.