Du kan bla til neste sideBla med piltastene

LIVETS TONAR

Den gåtefulle musikken

Musikk er ikkje til direkte nytte for menneska, men den gir oss glede som ikkje kan erstattast av noko anna.

Den høglydte skarpe diskanten av sirissgnikking som omgir oss når det varme mørket brått fell over ein meksikansk landsby ved Stillehavskysten, dei langstrekte fløytetonane til storspoven på Jæren ein tidleg vårdag med milde minne, præriehundane i Colorado-ørkenen som med sine spinkle bjeff fortel kvarandre om kva slags dyr som nærmar seg.