Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Samanslåing, flytting og nedlegging trugar statleg verksemd over heile landet:

Kjempar mot nedlegging

TRUGA: Vegstasjonen i Eid kommune er truga av nedlegging. Inspektør Ove Garlid er ein av 30 tilsette som verte råka om det skjer. Gunnar Wiederstrøm

URO: Over 25.000 statlege arbeidsplassar er i spel dei neste åra. I Eid er vegstasjonen truga. Vert han nedlagd, kan endå fleire arbeidsplassar ryka.

Ein diger trailer med hengar svingar inn på plassen framføre trafikkstasjonen i Eid. Ove Garlid vinkar køyretøyet fram mot vekta. Føraren har sveiva ned vindauge og ser ned på inspektøren. Når framhjula rullar inn på den store metallplata, hever Garlid handa og seier stopp. Noterer vekta på eit databrett og ber sjåføren køyre fram slik at han kan sjekke ho på dei andre akslingane.