Du kan bla til neste sideBla med piltastene

LYS

La det bli mørke

LYST SOM NATTA: Bilde frå Nasa visar ei dramatisk auke i lysforureininga dei siste 20 åra. Her eit bilde av Europa frå september i fjor. FOTO: ESA/NASA

La det bli lys, sa Gud, men så vart det for mykje. Sjølv her i mørketidslandet. TEKST: VILDE ØINES NYBAKKEN

Sigri Sandberg sit på toget. Ho er på veg til Finse der ho skal opphalde seg dei neste fem nettene på ei hytte, aleine. Fem netter vekke frå støyen i Oslo, vekke frå ein himmel farga gul av storbynatta.