Du kan bla til neste sideBla med piltastene

331 personar ut av landet i januar

POLITIET: Politiets utlendingseining (PU) uttransporterte 25 prosent færre personar i januar i år enn i same månad i fjor. Av dei 331 som vart sende ut i januar, var 265 personar bort- eller utvist, mens 26 hadde fått avslag på asyl, opplyser PU i ei pressemelding. 40 asylsøkarar vart sende til eit anna land i Dublin-samarbeidet for å få behandla asylsøknaden sin der, eller til eit såkalla trygt tredjeland der dei allereie har opphaldsløyve. 124 av dei som vart uttransporterte i januar, har vore straffa. Av dei kom 17 prosent frå Romania, 10 prosent frå Litauen og 7 prosent frå Polen. Det var Sverige som tok imot flest, til saman 33 personar. ©NPK