Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lillehammer KrF er i ferd med å døy.

KrF-floka

TAPTE: Hilde Ekeberg og dei «raude» i KrF tapte kampen om retningsvalet. No er ho redd for å tape lokallaget. Her med hunden Tia utanfor huset sitt i Lillehammer. Christopher Olssøn

KVA NO?: Er KrF endra for alltid, og vil Lillehammer KrF overleve kommunevalet? Slike spørsmål går KrF-profil Hilde Ekeberg og grundar på.

Hilde Ekeberg har ein krig gåande med ektemannen. Han er høgremann. Ho er «raud» KrF-ar. Då mannen sette eit bilete av statsminister Erna Solberg i vindauget, kontra ho med bilete av Knut Arild Hareide og KrF-generalsekretær Hilde Frafjord Johnson. Før kunne ho tulle med «møkkaregjeringa» hans. No får ho den i retur.