UTRADERING: På under 30 år er talet på postkontor i Noreg redusert frå 2500 til 30. Over 20.000 stillingar er vekke, men spelar det nokon rolle?
Vinterstilla pregar landsbyidyllen i Lærdalsøyri. Sola lyser på dei snødekte fjelltoppane, men kjem ikkje ned i bygda. Utanfor postmuseet, som ligg i utkanten av Gamle Lærdalsøyri, står rimete juletre på rad og ventar på kundane.