Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Minst 67 ulvar registrert i Noreg

I ULVESONA: Overvakinga i vinter har påvist mellom 67 og 74 ulvar i Noreg, inkludert grenserevir. Det blir likevel venta at fleire ulvar blir registrert utover vinteren. Ulvane har vorte registrerte frå 1. oktober til 12. desember. Åtte av dei registrerte ulvane er døde, og av dei attverande dyra har mellom 43 og 50 heilnorsk tilhøyring. Med unntak av fire registrerte ulvar er alle påvist i fylka med ulvesone, opplyser Jonas Kindberg, leiar i Rovdata. Klima- og miljødepartementet har sagt ja til å felle 29 ulv, tre av dei innanfor ulvesona. Dette er 14 færre ulvar enn det rovviltnemndene foreslo. Stortinget har sett fast eit bestandsmål på fire–seks ulvekull i året. ©NPK