Du kan bla til neste sideBla med piltastene

På Boliden i Odda vil dei ikkje ein gong greia ut alternativ til EØS-avtalen:

Spår død for Zinken

I BØLGER: 11. februar 1924 stifta Asturienne, eit belgisk selskap med sinkgruve i Spania, Det Norske Zinkkompani AS. Sidan den tid har det vore både opp- og nedturar for Zinken.

FOR: Ved sinkverket Boliden i Odda står tillitsvalde og leiinga side om side i forsvaret av EØS-avtalen. Leiar i Industri Energi ser fullt EU-medlemskap som einaste alternativ.

Røyken frå Boliden Odda AS, eller «Zinken» som dei seier i Odda, er kvit og luktfri. Her jobbar kring 300 med produksjon av sink, som for det meste blir sendt til eit land i EU. Den veksande motstanden mot EØS-avtalen i fagrørsla, får ikkje gehør her inne mellom fjella.