Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Smelteverksgiganten Eramet hilsar utgreiing av alternativ til EØS-avtalen velkomen:

Open for EØS-alternativ

I ELDEN: Ved Sauda Eramet produserer dei Mangan, som vert eksportert. Norsk Industri åtvarar om at eksportverksemder som dette kan vera trua av eit nei til EØS. FOTO: ANNIKEN C. MOHR Anniken C. Mohr/klassekampen

UT: Dei er avhengige av selja mangan til stålprodusentar i heile EU, men slår likevel ikkje nokon stålring om EØS-avtalen. Eramet Norway er open for å greia ut eit alternativ til EØS.

Eramet har smelteverk i Sauda, Kvinesdal og Porsgrunn og eig i tillegg Tizir Tyssedal. Smelteverket i Sauda er det største i sitt slag i Nord-Europa.