Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skatteutvalg ville ha klimaavgift på storfe- og fårekjøtRegjeringa gav bøndene frikort

Grønt ljos for raudt kjøt

FRYKT: Ein monaleg reduksjon i forbruket av raudt kjøt vil føre til nedlegging av gardsbruk på Vestlandet og i Nord-Noreg, fryktar andre nestleiar i Norges Bondelag, Frøydis Haugen. © FOTO: GUNNAR WIEDERSTRØM Gunnar Wiederstrøm

VERSTING: Raudt kjøt er ein klimaversting, usunt i store mengder og krev mest i subsidiar. Men å få ned konsumet er ikkje ein del av klimatiltaka til regjeringa.

Ku- og sauepromp er eit stort klimaproblem. Halvparten av klimagassutsleppa frå jordbruket kjem frå metan, som dannar seg i magen særleg til drøvtyggjarane. Andre halvparten kjem frå bruken av husdyr- og kunstgjødsel. Ikkje rart desse biologiske prosessane skapar problem for dei som vil redusere utsleppa.