Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om pakking og pakning, dekking og dekning, og splitt-infinitiv.

Ord på -ing

EIN KRYSNING: Eit sebra-esel, også kalla eit «sesel».

Dei politiske aktualitetane har gjort oss medvitne om skilnadene på termbruken i nasjonalforsamlingar. I Sverige vel dei sin talmann. Han leier forhandlingane i Riksdagen og peikar på kven som skal prøva å danna regjering. Ordet er naturlegvis ein parallell til vårt talsmann, eller – som det heiter no – talsperson. Men når to osloaviser har veksla mellom talmann og talsmann, er det uheldig. Me bør nytta talmann. Ordvalet syner forresten at svenskane har late seg inspirera av the Speaker i Underhuset i London.

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.