Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vil sørgje for at bruer toler trelast

BYGGJER BRUER: Samferdselsdepartementet set av 25 millionar kroner til forsterking av bruer på fylkesvegane. Det er til saman sett av 300 millionar kroner i eit bruprogram i Nasjonal Transportplan. Midlane skal brukast til å forsterke bruer som ikkje toler 60 tonns vekt på fylkesvegnettet, skriv Nationen. – Dette skal bidra til å få ned transportkostnadene for tømmertransport slik at vi kan vere konkurransedyktige framover, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp). Etter 2019 vert detsett av 50 millionar kroner i året i ein seksårsperiode. I dag er det totalt 11.350 bruer og ferjekaier på fylkesvegnettet. 1050 bruer er ikkje godkjende for 60 tonn.©NPK