Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Oljeministeren vil gi full gass

KJØYRER PÅ: Den ferske olje- og energiministeren Kjell-Børge Freiberg (Frp) vil produsere så mykje olje som mogleg. Det vil klimaet tene på, seier han, ifølje Stavanger Aftenblad. – Verda skal derfor i mange år kunne bruke lønsam, rein og sikker produsert norsk olje, samtidig som ein skal nå klimamåla, seier Freiberg og understrekar at oljeforbruket i verda kvart år aukar tilsvarande produksjonen frå norsk sokkel. – Vår olje- og gassproduksjon har i snitt betydeleg lågare utslepp enn verdsgjennomsnittet. Derfor er det bra også for klimaet at mest mogleg olje som blir produsert globalt, blir henta opp i Noreg, seier han. ©NPK