Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Orkla slepp hønsa (litt meir) fri

IKKJE FLEIRE BUREGG: Orkla Foods Noreg har bestemt seg for å gå over til berre å bruke egg frå frittgåande høner i sine produkt innan 1. januar 2020. Orkla føyer seg dermed inn i rekkja av både daglegvarekjeder og matvareprodusentar som har kutta buregg dei siste åra. Avgjerda om å gå over til burfrie egg har Orkla tatt i nært samarbeid med Nortura, som også er hovudleverandøren av egg til selskapet i dag, skriv Nationen. Nortura har som mål å legge om til nærmare 100 prosent burfri produksjon innan 2024, og deira produsentar vil i perioden før dette trinnvis legge om frå miljøbur til frittgåande produksjon. ©NPK