Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fem gule kort til regjeringa

VURDERING: Redd Barna har vurdert innsatsen regjeringa gjer for dei mest sårbare barna i Noreg og verda. Resultatet er fem gule kort og eitt grønt kort. Det vart ingen raude kort. Det er femte året Redd Barna lagar Barnometeret. Det grøne kortet er for satsinga på helse og utdanning. – Regjeringa har sett i gang mange gode tiltak for barn, men det forargar meg at det ikkje blir gjort nok for dei mest sårbare barna i Noreg. Talet på barn som veks opp i fattigdom i Noreg aukar, og sjølv om noko blir gjort, har regjeringa ingen heilskapleg strategi for å møte denne utfordringa, seier Tove R. Wang, generalsekretær i Redd Barna.©NPK