Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Solskin

  • Er det lov å glede seg over sommarvarmen? Eg ser vekk ifrå Nord-Noreg når eg skriv dette. Dei har trass alt ikkje hatt rare sommaren fram til no, så eg unner dei kvar einaste varmegrad. Nei, eg tenkjer på oss som bur sørpå. Vi som har hatt sommar sidan midten av mai med temperaturar opp på 30-talet og tropedøger og tropenetter i fleng, jamvel i mai og mest ikkje ei drope med regn.