Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Arbeidsløysa fortset å falle

ARBEIDSLIV: Ytterlegare 19.000 arbeidstakarar fekk seg jobb denne vinteren. Arbeidsløysa fall til 3,7 prosent, ifølgje dei siste tala frå Arbeidskraftundersøkinga (Aku). Arbeidsløysa har falle med 20.000 personar dei siste tolv månadane og låg i april på 3,7 prosent, viser dei siste tala frå Aku. I perioden frå januar til april fall arbeidsløysa med 7000 personar, melder Statistisk sentralbyrå (SSB). Alle tal er justert for sesongvariasjonar. Det gir ein auke på 0,4 prosentpoeng i sysselsettingsprosenten frå nyttår til april. Talet på registrerte arbeidsledige og tiltaksdeltakarar hos Nav gjekk ned med 3000 personar i same periode.©NPK