Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I 2016 dreiv ideelle aktørar 32 asylmottakI 2019 søkk talet til tre

Ideelle legg inn årane

134 mistar HEIMEN: Norsk Folkehjelp har drifta asylmottak på tidlegare Dikemark sjukehus, men no legg UDI ned fleire mottak. Generalsekretær Henriette Westhrin er uroa for at bransjen vert for pengefokusert når dei ideelle vert skvisa. Klassekampen

FERDIG: Utlendingsdirektoratet legg ned asylmottak over heile landet, mens asyltalet søkk. No forsvinn den eine av to ideelle aktørar heilt ut av bransjen.

– Vi har vorte veldig lei oss. Kvar gong vi har fått telefon frå Utlendingsdirektoratet (UDI) om at eit av mottaka våre skal verte lagt ned, veit vi at det får store konsekvensar i mange menneskeliv. Kvar gong eit mottak vert lagt ned, må mange flytte frå det dei kjenner, seier Henriette Westhrin, generalsekretær i Norsk Folkehjelp.