Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Relasjonar: Sally Rooney skriv i sin suksessdebut godt om millennials i ei ustabil verd.

Samtaler fra en generasjon

TALKIN’ BOUT MY GENERATION: Sally Rooneys «Samtale med venner» var populær allereie før den kom ut. FOTO: JONNY DAVIES

Det er ikkje ofte eg syns det har noko for seg å bruke pseudomatematikk til å skildre litteratur. Men etter å ha gjort meg ferdig med «Samtaler med venner» av irske Sally Rooney, satt eg att med ei sterk kjensle av å ha lest utdrag frå Elena Ferrantes Napoli-kvartett, plussa med F. Scott Fitzgeralds «Tender is the Night», delt på tv-serien «Girls» – satt til dagens Dublin. At dette er lik «suksessroman», er knapt nok overraskande.