- Klokka 09.00 måndag morgon skulle det ifølgje Yr regne i Bergen. Meldinga frå Yr vart oppdatert klokka 04.34, og eg kan stadfeste at det regna i Bergen i nitida. 1–0 til Yr. No er det ikkje så uvanleg at det regnar i Bergen. I 2015 fall det nedbør i Bergen over 280 dagar, så om Yr melder regn eller snø ein dag, er sjansane for å treffe med den meldinga ganske god. Sundag melde Yr at sola skulle skinne frå klokka 12 av. Klokka 12 var det skya. Sola kom først i sekstida på ettermiddagen, og dei som hadde planlagt soltur på byfjella sundag og kledd seg etter Yr, fekk regn i staden. Ikkje mykje regn, men det var ikkje spor av nedbør i timevarselet frå Yr.
Yrianar
Dagboka