Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kull påvist i Østmarka

REVIR: Fem ulvekvalpar er blitt fødde i Østmarka utanfor Oslo i år. Det viser undersøkingar gjort av Statens naturoppsyn som er analysert av Rovdata. Det er dermed påvist ulvekull i tre heilnorske revir og eitt kull i grenserevir så langt i år. Frå før er det påvist ulvekull i dei heilnorske revira Mangen og Letjenna i år, og i Juvberget, som var eit grenserevir sist vinter. Registreringssesongen på ulv startar offisielt 1. oktober.©NPK