Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vil liberalisere sprøyteromslova

RØYKJE: I dag er det berre lov med sprøyter og heroin på sprøyteromma. Det kan bli endra, sa helseminister Bent Høie (H) under eit besøk på sprøyterommet i Bergen i går, skriv Bergensavisen. At det berre er lov å sette sprøyter, gjer at dei som røykjer heroin eller bruker andre rusmiddel, ikkje kan bruke sprøyteromma. – Vi foreslår å opne for injisering av andre stoff enn heroin og for røyking av heroin, seier Høie. Han understrekar at føremålet med lova er å redusere talet på overdosar. – Dette er eit forslag om endring i lovverket, og så blir det opp til kvar enkelt kommune om dei vil nytte det, seier miljøminister Ola Elvestuen (V).©NPK