Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lærerikt

  • Ein bonus av at journalistar streikar i ny og ne, er at dei lærer noko om arbeidslivet. Det skjer noko inni den mest ignorante småborgar, som prinsipielt meiner at streikevåpenet er avleggs, når det er alvor og streiketrøyene og streikevaktene blir fordelte. Slappe høgrefolk blir momentant dei mest militante, og vi gamle raddisar må gripe inn mot spontane eksklusjonsframlegg mot kollegaer som forsømer seg det minste. Slik har det stundom vore i streikesoga til Norsk Journalistlag, som starta med både avis- og NRK-streik i 1990.