Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Barnehage kostar 4,9 prosent meir

AUKE: Eit norsk hushald betalte i gjennomsnitt rundt 2500 kroner i månaden for ein barnehageplass i januar i år. Det er 4,9 prosent meir enn på same tid året før. I tillegg til beløpet på 2500 kroner vart det i snitt kravd inn drygt 300 kroner per barn for å dekke kostpengar og andre tilleggsutgifter, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Eit fulltidsopphald i barnehage i eit år kosta i snitt nær 31.000 kroner i januar 2018. Den gjennomsnittlege årsprisen har dermed stige over 1400 kroner sidan januar i fjor. Auken i gjennomsnittleg betalingssats kan sjåast i samanheng med at maksprisen vart heva frå 2730 kroner til 2910 kroner per månad frå januar i år. ©NPK