Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Krev garantiar

FØRSTE SALVE: I januar starta anleggsarbeidet på Rogfast. Men det har vore mykje usemje om kven som skal garantere for betalinga. FOTO: ØYVIND ELLINGSEN, STATENS VEGVESEN

ANSVAR: Rogaland vil gje mellombels garanti på eit mindre bompengelån på E39, men krev at staten tek over det samla garantiansvaret på 17,6 milliardar kroner.

– Vi gjer dette for å unngå at arbeidet med Rogfast stoppar opp, seier fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal (Kristeleg Folkeparti).