Du kan bla til neste sideBla med piltastene

LO nektar Hadia Tajik å tale 1. mai

UTESTENGD: Ap-nestleiar Hadia Tajik skulle etter planen halde 1. mai-tale i Haugesund og Sauda, men Nord-Rogaland LO sa måndag at ho ikkje får komme. Bakgrunnen er den omstridde Acer-saka, bekreftar styreleiar Geir Allan Stava i Nord-Rogaland LO overfor VG. – Det kom opp eit forslag om at ein ikkje ønskte nokon frå leiinga i Ap som talar, på grunn av behandlinga av Acer-saka. Ved voteringa vart det 5–2 mot at ho skulle få tale, seier Stava, som sjølv er SV-ar. Dei fem som stemte mot at Tajik skulle tale, har alle bakgrunn frå Arbeidarpartiet, mens ho fekk støtte frå dei to med tilknyting til SV.©NPK