Du kan bla til neste sideBla med piltastene

61 ferjer i 37 norske samband vil vere miljøferjer i 2021 etter påkosta satsing:

Snøggfort over på batteri

DIESEL: MF Selbjørnfjord er ei dieselferje som trafikkerer Halhjem–Våge i Hordaland. Ferja skal i 2019 skiftast ut med ei batteriferje. Gunnar Wiederstrøm

HØGE MÅL: Om fem år vil helvta av norske ferjer vere miljøferjer, dei fleste på batteristraum. Miljøstiftinga Zero seier oppskrifta er offentleg innkjøpsmakt i kombinasjon med konkurranse.

Ei iskald kuling feiar inn over ferjekaien på Halhjem sør for Bergen. Klokka 14.00 går gassferja MF Bergensfjord til Sandvikvåg på Stord. Då gassferjene vart sette i drift på dette sambandet i 2007, var dette den mest miljøvenlege teknologien for ferjene.