Den kom ikkje heilt over natta, skuggen på overleppa. Han veks gradvis fram, først som eit lett dundryss, som ein slags lys rand, minnande svakt om avleiringar av mjølk eller gull, avhengig av lyset. Eg prøvde å ikkje legge merke til han, sjølv om eg såg det då eg la på foundation, at det var meir småhår der enn elles i ansiktet, og at det gjorde at kremen avleira seg som ein mørk skugge. Men så, i haust, oppdaga eg at det blant dei lyse dunhåra hadde dukka opp ein liten fortropp av lengre og mørkare hår, nesten litt værhår-aktig, som strakk seg ned mot leppekanten.
Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Sumaya Jirde Ali skriv i Klassekampen måndagar.