Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ubroten vekst: Det er ei utbreidd oppfatning at Ibsen vart stor på trass av, ikkje på grunn av sitt norske opphav. Men teateret og bokmarknaden si stilling i Skandinavia var nødvendige vilkår for Ibsen.

VERDSLITTERATUR FRÅ PERIFERIEN

HEIME: Henrik Ibsen i Arbinsgate 1, ein gong mellom 1897–98. FOTO: L. SZACINSKI/NASJONALBIBLIOTEKET/WIKIMEDIA

«Norge er et vanskeligt land at have til fædreland», skreiv Henrik Ibsen ein gong. Sidan 2006 har sitatet vore støypt i betong langs Ibsens gamle rute mellom Arbinsgate og Grand. Mange forfattarar har gjennom åra gjort sitt for å gje han rett. I ei vidt utbreidd kulturhistorie skreiv til dømes Egon Friedell: «Merkelig nok har ingen ting ergret nordmennene så meget som det faktum at den største skaperskikkelse i det århundre som ebbet ut, var en nordmann. Allerede hans debut på teateret vakte den hjemlige forargelse, som økte fra drama til drama […] Dikteren forlot sitt utakknemlige fedreland og ble kosmopolitt i Roma og München.» Om ikkje i så ekstrem form, så er oppfatninga om at Ibsens dramatikk oppstod trass i meir enn på grunn av hans norsk-skandinaviske opphav, grunnfesta.