Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Leo too

  • Leo er ein liten parson russel terrier, kvit med brune teikningar kring auga. Skjønt liten, Leo har inga kjensle av storleik når han går i krigen mot ein schæfer-hann. Då er han ei løve som skal jage ein rival vekk frå reviret. Aggresjonen er slik at eg skulle ønskt at eg kunne forsvinne ned i eit hol. Hundeeigarar trøyster meg med at hannar av denne rasen er aggressiv i slike møte. Det visste ikkje eg før hunden var kjøpt. Det vart ein ti kilos muskelbunt, den dominerande i kvalpeflokken, fekk vi høyre utan at det gav meining då, og no er det uansett for seint. Leo er fryktlaus og pågåande, elskar leik og aktivitet, er glad i alle, unnateke andre hannar.