Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Å leggja eit nyfødd barn i høyrusket i ei krybbe er ikkje forsvarleg.

Klart til jul

PRØYSEN: Blanda det kvardagslege og det heilage.

Julekveldsvisa til Alf Prøysen, den med å vaska golvet og bera ved, er laga for folk som bur i små hus og ikkje har så mange ting å ta vare på. Når juleneket er hengt ut og treet pynta, er det tid til ei kvilestund på krakken attmed vindauget. Kan henda er ein nokså sliten, kan henda veit ein ikkje riktig korleis ein skal få pengane til å strekkja til. Men det snakkar ein ikkje om mens ungane høyrer på. I staden fortel ein juleevangeliet, tilrettelagt for dei små, forma etter erfaringane til dei vaksne og inspirert av vinterhimmelen der ute.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.